Til toppen
Utdanningsvitenskap

Nytilsatt professor ved Høgskolen i Harstad

Masterprogrammet i økonomi og administrasjon ved Høgskolen i Harstad vert styrka med tilsetting av professor.

Terje Vassdal, ProfessordTerje Vassdal er tilsett i såkalt professor II stilling innan bedriftsøkonomi, tilknytta masterprogrammet i økonomi og administrasjon (siv.øk) ved Høgskolen i Harstad.

Tilsettinga er i 20% stilling og gjeld for perioden frå 1. januar 2014 til 30. juni 2016, med moglegheit for forlenging.

I stillinga skal professor Vassdal dekkje emnet Analyse av produktivitet og effektivitet, i tillegg til å ivareta rettleiing av masteroppgåver.

Vassdal er til dagleg tilsett som professor i bedriftsøkonomi ved Handelshøgskolen, Universitetet i Tromsø. Han har òg frå tid til anna hatt diverse evalueringsoppdrag for NORAD i ulike mottakarland av norsk bistand – mellom anna Sri Lanka, India, Mosambik, Gambia, Angola og Nicaragua.

Som forskar har professor Vassdal leia mange prosjekt – spesielt knytta til økonomiske analyser av fiskebåtar og foredlingsindustrien, ringvirkingsanalyser og ulike marknadsformer. Han har også gjennomført fleire produktivitetsanalyser av verksemder og einskilde bransjar.

Kontakt

Kjetil Nilsen

Pressekontakt, Informasjonsansvarlig
Informasjon, PR, web-readaktør
kjetil.nilsen@hih.no
770 58 118 / 480 35 222

Stikkord:
Del denne artikkelen